The circle of life

Naturen er rik, verdifull og uerstatteleg. Den er vakker, den gir oss mogelegheit til å leve på jorda og den er fornybar. På mange måtar.

Men ikkje all natur er fornybar. Gjennom alle dei sjukt mange åra det har vore liv på jorda har artar oppstått og utdødd. Mammuten døydde ut, geirfuglen døydde ut, dinosaurane døydde ut. Katten blei til, apa blei til og menneske blei til. Det er jo ein naturleg syklus, det veit dei fleste. Det er naturleg at artar døyr ut. Men i dag døyr det ut artar mellom 1000 og 10 000 gongar raskare enn kva som er normalt. Kvart 10. minutt døyr det ut ein art frå jorda, og den kjem aldri tilbake.

Det er kritisk for oss menneske, og resten av livet på jorda. Vi treng mangfaldet av artar i naturen, vi treng det for å overleve. Vi må ha reint vatn, rein luft, mat, og gjerne noko til medisinar slik at vi kan bli friske når vi er sjuke, og byggje husa våre av så vi ikkje treng å sove ute i vêr og vind. Vi treng at naturen heng saman, for vi veit ikkje kva som kan vere den avgjerdande arten i eit økosystem eller kva art vi kan bruke til framtidas medisinar.

TV lærar oss ingenting, seier mange. “Ungdommen ser alt for mykje på TV”. Eg ser mykje på TV, og er det ein ting Disney-filmen Løvenes Konge har lært meg, anna enn at ein ikkje skal stole på maktsjuke, onde onklar, så er det at ein må ta vare på naturen. Når dei syng om The Circle of Life, syng dei om naturen som heng saman og som vi må ta vare på. I det tempoet naturen døyr i dag, klarar vi ikkje å ta vare på naturen. Heldigvis veit vi kva som er problemet. Menneske. Vi øydelegg leveområda til artane, hogg ned skogar, sølar gift i rike fjordar og lagar klimaendringar. Når vi veit kvar problemet ligg, kan vi fikse det.

I Noreg må vi slutte å drepe naturen, vi må slutte å hogge ned verdifulle skogar og øydeleggje rike fjordar. Det toler ikkje naturen. Vi må verne skog, nermare bestemt 10% av den produktive skogen i landet. Og vi må ta vare på uerstattelege naturtypar. Det kan vi klare, om politikerane får ut fingeren og hjelp oss med det. Vår oppgåve er å vise det store engasjementet for rein og frisk natur rundt om kring i landet, og pushe politikerane til å gjere dei riktige vala.

Greier vi det går vi i riktig retning. Om du lurar på kva du kan gjere for å hjelpe til, er det eit hett tips å bli med på aksjonsveka til Natur og Ungdom, og vise ditt store engasjement for å ta vare på den rike naturen.

“The Circle of Life”: http://www.youtube.com/watch?v=vX07j9SDFcc

Vist 58 ganger. Følges av 1 person.
Annonse